


Hei
!
Eg fekk lyst til å gje ei tilbakemelding etter å ha fått
huset skjerma mot jordstråling denne hausten. Eg har nett skrive ut ein
del av det som står på nettet om emnet.
Lista over sjukdommar
og problem var spesielt interessant. Eg kunne kryssa av for m.a. : allergi, astma,
blodsirkulasjon, gallestein, halsbrann, hoftesmerter, nakkestivheit, smerter (diffuse
og uforståelege smerter i kroppen), og delvis for sømnløyse.
Det mest påfallande er at hoftesmertene er borte. Eg var så stiv
at eg hadde vondt for å komma meg ut av bilen etter forholdsvis korte køyreturar.
Nakken er og mykje betre. Eg hadde slik halsbrann at eg ikkje kunne sova før
eg hadde teke medisinar for det. No har eg ikkje gjort det på fleire netter.
Eg veit at eg har gallestein, og steinane har plaga ille frå tid til tid.
No merkar eg stadig mindre. Eg hadde og problem med å få sova på
grunn av piping i luftvegane, som alltid kom når eg låg i senga. No
er dette så godt som borte. Føtene var gjerne iskalde, no kjennest
dei varmare. Sømnløysa har vore det største problemet, og
dei største endringane her er at eg søv godt når eg søv.
Eg vaknar ikkje lenger som eit vrak. Eg hadde og har til tider enno problem
med blæra, inkontinens og hyppig vannlating som det heiter. Det er på
veg til å verta betre.
Enno har eg problem med å sovna inn, mykje
på grunn av bekymringar, og eit plagsamt nabolag. Mykje skuldast trafikkstøy
ved leggetid.
Alt vert ikkje betre med eit slag. Etter å ha lese
nettsidene forstår eg at det tek tid for kroppen å komme tilbake til
eit naturleg nivå, og at dette heng saman med kor lang tid ein har levd
med desse problema.
Då eg flytta inn i huset var det ingen problem
å få sova. Problema begynte etter det vart sett igong knuseverk i
nabolaget. Det medførte masse boring og skyting og store endringar i naturforholda
på staden.
Eit heilt landskap forsvann, med knausar, skog og enger.
Første periode var på 80-talet, den neste kom i 90-åra, og
var den mest drastiske. Sidan kom to anleggsperiodar til, ein for bygging av veg,
og til slutt bygging av busslynge. Alle var i nærleiken av huset, og ved
kvar skyting var det voldsomme skakingar i grunnen under huset mitt.
Eg
protesterte det eg kunne mot konsekvensane av inngrepa, men kom ingen veg med
grunneigar og kommune, som hadde det eigentlege ansvaret.
Eg visste ikkje
då at ein av konsekvensane var endring i grunnforholda som kunne føre
til negativ stråling. No lurer eg på om vannmagnetiserar er noko eg
burde ha, i og med at vassleidningen min er kryssa av ei nedgraven høgspentline.
Om det ikkje gjer nokon forskjell, har eg ikkje økonomi til å utbetre
meir. Men eg har tenkt på at det kunne kanskje ha positiv effekt om eg fekk
benketerapi.
Eg misunner dei som har råd til å skaffe seg
ein slik benk. Det er ikkje til å tenkje på for meg, men ein eller
to behandlingar hos Dykk kunne hatt effekt for meg. Det ville om mogeleg fått
meg raskare ned på normalnivået ?
Det ser ut til at demparen
på leidningsnetter har fått ein viss effekt inne i huset. Tidlegare
tålte eg ikkje den nyaste av dei elektriske panelovnane mine. Eg måtte
slå den av med jamne mellomrom, fordi eg fekk spenningar i kroppen og hadde
ei kjensle av ikkje å få puste.
Eg trur at el-allergi er ein
del av problema eg har hatt og har. Eg tålte ikkje å ha ein klokkeradio
ved senga. Allergisymptom dukka opp i så stor grad at det vart umogeleg.
Vil avskjerming mot jordstråling hjelpe mot el-allergi ? Stråler nokre
el-ovnar meir enn andre ? Kva med sparepærer ? Noko av det utstyret eg har
vart ikkje testa i påslått tilstand. Eg kom ikkje på det.
Har
du svar på noko av det eg spør om ?
Eg er så glad for
å ha fått hjelp at eg kan ikkje få sagt det. Det har vore vondt
å slite med dette åleine, og folk flest (?)kjenner enten ikkje til
problemet eller er så skeptiske at dei avfeiar alt som overtru.
Helsing
Paula

